|

|
VELKOMEN TIL HALLINGDAL
Om ressurspersonar:
- Rekruttering er eit sentralt arbeidsområde for
Regionrådet for Hallingdal og Hallingdal Næringshage. Eit
av tiltaka er ein database der personar som
ynskjer kontakt med regionen kan registrere sin
cv. Målet er å formidle kontakt mellom
arbeidslivet og potensielle arbeidstakarar/etablerarar.
- Uansett om du ynskjer å flytte hit eller ikkje,
kan din kompetanse styrke regionen. Moglegheitene
er mange ? jobb, eiga verksemd, avdelingskontor,
pendling eller styreverv.
- Har du lyst til å flytte til Hallingdal, no
eller seinare? Vil du å bidra med dine erfaringar
og kunnskapar? Gjer din CV tilgjengeleg for
næringslivet og andre institusjonar i Hallingdal,
ved å registrere deg i databasen. Dei vil ta
kontakt med deg i forhold til eit konkret behov,
eller med tanke på ei framtidig rekruttering.
Om Hallingdal:
- Regionen ligg midt mellom Oslo og Bergen, har
20.000 innbyggarar, eit aktivt næringsliv,
offensive kommunar og spanande arbeidsplassar.
- For nyetablerarar er det gode
rådgivingstenester, ledige næringslokale og aktive
kompetansesenter.
- Lyst til å bli betre kjend med regionen? Bruk
linkane over.
|